Torsk - Endres Hjemmeside

Go to content

Main menu:

Torsk

Fiske > Fiske arter
Torsk (Gadus morhua) er den økonomisk viktigaste fisken i torskefamilien.

Han sym langs heile norskekysten, det sørlege Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak.

Det finst to artar: vandrande oseanisk torsk eller norsk-arktisk torsk, også kalla skrei, og meir eller mindre stadbunden kysttorsk. Fiskenamnet er ei samandraging av 'tørrfisk'

Ein har drive torskefiske langs norskekysten sidan steinalderen.

Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og allereie i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særleg til Spania og Italia.

Denne handelen har gått føre seg i over tusen år utan brot, og er fortsatt viktig. Tørrfisken blir i første rekke produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei skjer ved byrjinga av kvart år.
Sidan 1970-talet har torskefisket vore regulert i Noreg for å avverga overfiske, men også før denne tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten.


Bilde av torsk
Back to content | Back to main menu